Spirar som faen

Tomatplantane har no begynt å spira. Det ser igjen ut som trikset med å ha plantebegerene i ein boks med lokk på gjer kraftige utslag når det kjem til kor fort spiringen sett i gang. Dei begerene eg la i boks med lokk spira 2 dagar før dei som ikkje hadde lokk. Det gjer jo selvfølgelig og ein forskjell at dei står på badegulvet med varmakablane på, og med lokket på, så heldt det varmen mykje bedre enn ellers.
Tidligare så planta eg jo ein dose med slange/dildo-paprika som eg ikkje hadde truen på. og som antatt, så var dei ikkje heilt god siden det no visar seg at berre 3 stk spirar. Det kan fremdeles dukka opp nokre luringar til, men førebels så er det berre desse 3 ungdommane som lirkar seg opp av jorda. Kva skjer med resten? Me får sjå.

Tobakksplantane ser ut til å trivast veldig godt i innedrivhuset. Det er bra med vindauge i det rommet det står på, så dagslyset gjer nok susen her. Eg ser tydelige forbedringar i bladveksten til alle spirane på dei tobakksplantane eg planta først av alle. Ein god del av dei som høyrar til runde 2 er begynt å spira ganske bra, mens dei eg planta no sist har fremdeles til gode å visa livstegn.

Mangoplanten veks fremdeles, men ser ut til å roa seg litt ner. Tippar på det er røttene som no sett skikkelig i gang, og då plei det som er over jorda å vekse seinere.

No blir det berre å vente på at siste ladning av tobakksplantingen skal spire, og så kjem eg med meir oppdatering etterkvart som det skjer ting.
Følg med!

 

Elendig bilde, men her er eit bilete av mangotreet etter at bladene begynte å sprika

Elendig bilde, men her er eit bilete av mangotreet etter at bladene begynte å sprika

Endå ei tomat-spir!

Endå ei tomat-spir!

Når dei først viste livstegn (pølsepaprika)

Når dei først viste livstegn (pølsepaprika)

Her kjem det ein del tobakksfrø snikande. Litt sol og jevnlige besøk av gartnaren, så skal dei etterkvart røykast.

Her kjem det ein del tobakksfrø snikande. Litt sol og jevnlige besøk av gartnaren, så skal dei etterkvart røykast.

Dei talentlause slange/dildo/pølse-paprika frøene klarte så vidt å presse seg opp av jordskorpa. Lykke til!

Dei talentlause slange/dildo/pølse-paprika frøene klarte så vidt å presse seg opp av jordskorpa. Lykke til!

Tomatplante (Black Krim)  Set skikkelig fart!

Tomatplante (Black Krim)
Set skikkelig fart!

IMG_20140301_140417

1 comments

Kommenter innlegget