Month: april 2014

Oppdatering 10 – Lite nytt med bilete og kommentarar

Oppdatering 9 – Ompotting og kreative innslag

Ein del småting er gjort, og har berre lagt til ein del bilder, men no i galleri-format. Mykje betre.

Oppdatering 8 – div shit

No har det vært ein god del småting som er blitt gjort. Mange plantar er blitt plassert i vindaugene og dei fleste tomatplantene er blitt ompotta eller modifisert for betre kår sia dei blei stilkete, lange og svake. Det er ei plage det der, men nesten uungåelig om ein ikkje har skikkelige lys som er egna for denne typen ting. Kanskje eg kjøpar nokre bra saker til neste år.
Ellers så veks tobakken ganske greit, men ikkje for fort, i alle fall. Satsar på dei blir klare til våren har satt seg skikkelig. Eg har i alle fall planta rikelig. Det er enormt mange gode spirar å plukke ifra, så om du vil ha deg ei spir eller 10, så er det berre å sei ifrå. Eg har alt for mykje for meg sjølv.

Eg planta 5 frø av tommies-tomatene (cherry-tomatene ein får kjøpt på butikken), og dei veks bra, og så spørs det om det faktisk blir tommies-tomater av avlingen når den eventuelt kjem. Me får sjå!

Det begynnar å minke noko voldsomt på småpottene som var tenkt til tobakksplantene, så då blir det innkjøp av eingangskoppar til resten. Oppdatering på det kjem når det er aktuelt. Det minkar jo egentlig på plass allereie, og eg har ikkje planta om halvparten av det eg var tenkt, så det blir heise detta her.

Har lagt til ein del bilete av litt forskjellig dato og rekkefølge, så tolk dei som du vil. Dei er i alle fall nyere enn forrige oppdatering, og flotte som faen!

Ka skjer videre? zzzzzzzzzz
FØLG MED!

(meir…)