Tobakken blomstrar!

No er det ein kan seie om tobakken positivt. Åkeren på Svinheim er nokonlunde bra. Mykje ugras, men den vaks framleis i eit tålig bra tempo. Spørs om nokon av dei heng sopass etter at det blir mislukka, men eg håpar endå. Dei plantane eg har heime, som eg kan stelle med kvar dag, omtrent, er ekstremt vellukka. Over mine egne forventningar, og foran skjema. Dei fleste plantane er mot sin siste vokseperiode, og blomstrar om ikkje lenge. To av dei, nemlig dei første eg planta ut, har fått store blomsterbukettar som kjem te å blomstre som faen sjølv dei nærmaste dagane. Det er då viktig at eg heldt kontroll på dei med å klyppe av blomstrene til dei eg ikkje vil skal blande seg, sånn at eg kan ta frøene uten å risikere at eg får ein merkverdig hybrid (krysning) som ikkje lignar noko som helst til neste år. Det er viktig å halde rasen rein 😛 Det er jo selvfølgelig mogleg å få ein superplante av det, men det får eg pønske ut meir av neste år, når eg har lært meg alle stegene i tobakks-produksjonen.
Det eg gjer no er å ta alle toppene (blomstene) som kjem på alt ant enn 2-3 av dei plantene eg vil ta frø av. Det blir latakia-plantene, siden dei har hatt harde kår her ute, og kjent på både lave og høge temperaturar. Dei frøene blir dermed meir tilpassa klimaet her i nord, som gjer det heile endå betre til neste år. Virginia-frø tek eg fra Svinheim, og Burley-frø tek eg fra drivhuset, om eg tør. Det er stor sjanse for at dei kan vere krysspollinert, men om eg skal ha super-frø til neste år, så lyt eg ta sjansen.

Tørkeprossen må eg no begynne å planlegge for fulllt, sia dei nederste bladene på plantene visar teikn til å bli klare. (dei blir gule/gyllen: sjå bilete), og då får me håpe på mykje sol og varme, for det betyr krutt i tobakken og smakfulle sigaretter til jul. Har eg truå? Ja, men samstundes fryktar eg nederlag.

Kommenter innlegget