sigar

Tobakken blomstrar!

No er det ein kan seie om tobakken positivt. Åkeren på Svinheim er nokonlunde bra. Mykje ugras, men den vaks framleis i eit tålig bra tempo. Spørs om nokon av dei heng sopass etter at det blir mislukka, men eg håpar endå. Dei plantane eg har heime, som eg kan stelle med kvar dag, omtrent, er ekstremt vellukka. Over mine egne forventningar, og foran skjema. Dei fleste plantane er mot sin siste vokseperiode, og blomstrar om ikkje lenge. To av dei, nemlig dei første eg planta ut, har fått store blomsterbukettar som kjem te å blomstre som faen sjølv dei nærmaste dagane. Det er då viktig at eg heldt kontroll på dei med å klyppe av blomstrene til dei eg ikkje vil skal blande seg, sånn at eg kan ta frøene uten å risikere at eg får ein merkverdig hybrid (krysning) som ikkje lignar noko som helst til neste år. Det er viktig å halde rasen rein 😛 Det er jo selvfølgelig mogleg å få ein superplante av det, men det får eg pønske ut meir av neste år, når eg har lært meg alle stegene i tobakks-produksjonen.
Det eg gjer no er å ta alle toppene (blomstene) som kjem på alt ant enn 2-3 av dei plantene eg vil ta frø av. Det blir latakia-plantene, siden dei har hatt harde kår her ute, og kjent på både lave og høge temperaturar. Dei frøene blir dermed meir tilpassa klimaet her i nord, som gjer det heile endå betre til neste år. Virginia-frø tek eg fra Svinheim, og Burley-frø tek eg fra drivhuset, om eg tør. Det er stor sjanse for at dei kan vere krysspollinert, men om eg skal ha super-frø til neste år, så lyt eg ta sjansen.

Tørkeprossen må eg no begynne å planlegge for fulllt, sia dei nederste bladene på plantene visar teikn til å bli klare. (dei blir gule/gyllen: sjå bilete), og då får me håpe på mykje sol og varme, for det betyr krutt i tobakken og smakfulle sigaretter til jul. Har eg truå? Ja, men samstundes fryktar eg nederlag.

Tobakk øve alt

No er det planta ut mykje tobakk. Usikker på det nøyaktige talet, men det har bikka 50-talet, som eg har regna vil dekka meg med røyk i omtrent eit år om avlingen blir bra. Det ser ut som ein del kom seint i start, men håpar eg hardt nok på ein solid sumar, så kan det fremdeles bli ein grei avling og ein god bunt med tobakk, om resten av stegene i produksjonen heldt fram i positive tak. Me får berre sjå.

Det blei mest tobakk av typen Virginia, mens i mitt eget drihvus er det planta ut 4 stk Kentucky Burley, mens utafor er det nokre bunnsolide Latakia (tyrkere) som veks voldsomt. Orinoco-plantene var treige, men ser no ut som dei kjem seg kraftig etter nøye observasjon og pleie fra plantesander. Det blir nok sneket ut nokre av desse på Svinheim dei kommande dagane. Me treng nok ein god sommar for at dei skal bli veldig stor og fin, men la oss no håpe det då, så blir det muligens litt pipetobakk med super-tobakk og. Om alt går etter planen, så blir det ein del rullings, pipetobakk og nokre humoristiske forsøk på å lage nokre feite sigarar som me kan sutta på til jul. At alt går etter planen har ein litt nølande tru på, men planen er i alle fall der, så får me som gamlingen sei; SJÅ.

Oppdatering 3 – nye tomatfrø og meir planting

No har eg fått dei nye tomatfrøene av typen Black Krim som eg bestilte på ebay. 100 frø var det i pakken og rundt 20-30 stk er no planta, mens nokon er gitt vekk til skinnet. Meir tobakksfrø er òg planta. Ein får jo aldri nok av det, hæ? Ein pakke med nokre paprikafrø låg tilfeldigvis i innedrivhuset, så eg har planta 10 stk av dei. Trur i grunn dei frøene var i betre form enn dei eg fant i den forlatte rømmeboksen. Eg fant forresten ut at dei paprikafrøene som var i den rømmeboksen var av den slange/dildo/pølse-typen paprika. Så hvis begge typane spirar, så har eg litt variasjon. Merkar ein det på smaken? Eg sei som  gamlingen plei sei te seg sjølv; me får sjå.

Eg har no fått innedrivhuset opp og gå, og har begynt å sette dei plantene som har begynt å spira inn der. Der har eg ein lampe med ein ovn under for å få det litle ekstra av varme for plantane siden sola ikkje er så sterk og viljug enda. Trur uansett plantane likar betre dagslyset frå vindaugene enn lampen midt på dagen, men det ser me an etterkvart. Alt må jo prøvast ut.

Latakia(orientalske)-frøene som var planta i Philadelphia-boksen er dei første som har spira av dei eg planta i runde 2. No ser det ut som Burley-frøene heng seg på òg, så får me håpa at resten kjem lika sprekt etterkvart. Det skal òg seiast at dei frøene som var planta i philadelphia-boksen hadde lokk på under heile prosessen. Dei hadde minst mugg og spira mykje raskare enn dei andre, så dette visar seg å vère eit effektivt triks, om ikkje det berre er frøene som er knakane spreke.

Mangofrøet veks noko så inni satan, så den må vel omsider ompottast til noko mykje større. Laga potte i alu? Tja, kvifor ikkje. Følg med… Kanskje eg delar prosessen med deg!

Innedrivhuset i aksjon

Innedrivhuset i aksjon

Her er det planta litt Black Krim (russisk type tomat) og tobakk (Virginia Gold)

Her er det planta litt Black Krim (russisk type tomat) og tobakk (Virginia Gold)

Noko plantejord skinnet kom med! Sikkert susande god!

Noko plantejord skinnet kom med! Sikkert susande god!

Paprikaen eg fant og litt graps i bakgrunnen. Nom?

Paprikaen eg fant og litt graps i bakgrunnen. Nom?

Nye tomatfrøene av typen Black Krim. Sikkert sabla god!

Nye tomatfrøene av typen Black Krim. Sikkert sabla god!

Tobakksfrøene som egentlig ser ut til å vokse i sakte kino. Får håpe dei får fart på seg snart!

Tobakksfrøene som egentlig ser ut til å vokse i sakte kino. Får håpe dei får fart på seg snart!