Tobakk øve alt

No er det planta ut mykje tobakk. Usikker på det nøyaktige talet, men det har bikka 50-talet, som eg har regna vil dekka meg med røyk i omtrent eit år om avlingen blir bra. Det ser ut som ein del kom seint i start, men håpar eg hardt nok på ein solid sumar, så kan det fremdeles bli ein grei avling og ein god bunt med tobakk, om resten av stegene i produksjonen heldt fram i positive tak. Me får berre sjå.

Det blei mest tobakk av typen Virginia, mens i mitt eget drihvus er det planta ut 4 stk Kentucky Burley, mens utafor er det nokre bunnsolide Latakia (tyrkere) som veks voldsomt. Orinoco-plantene var treige, men ser no ut som dei kjem seg kraftig etter nøye observasjon og pleie fra plantesander. Det blir nok sneket ut nokre av desse på Svinheim dei kommande dagane. Me treng nok ein god sommar for at dei skal bli veldig stor og fin, men la oss no håpe det då, så blir det muligens litt pipetobakk med super-tobakk og. Om alt går etter planen, så blir det ein del rullings, pipetobakk og nokre humoristiske forsøk på å lage nokre feite sigarar som me kan sutta på til jul. At alt går etter planen har ein litt nølande tru på, men planen er i alle fall der, så får me som gamlingen sei; SJÅ.

Kommenter innlegget