virginia

Hausting og tørking av tobakk

I dag har eg hausta inn dei nederste bladene på tyrker-plantene. Desse plantene ser ganske klare ut då ein kan sjå at dei vert gyllen (gule) på dei nederste bladene. Dette betyr «plukk meg».
Det blei litt tobakk av det. Tørkeprosessen blir på eit vanlig rom med vindauget ope, og ei vifte som lagar ein fin bris i rommet heile tida, så får me etter ei vekes tid sjå korleis det går. Ser eg at dei tørkar og den gule og kule fargen kjem listande med tida og ein unngår mugg, så trur eg me går for den planen.
Desse tyrkiske såkalt «latakia» plantene som det sto på frøpakken produserar fleire men mindre blader enn f.eks Burley og Virginia som eg óg har planta ein god del av.
Eg lot som tidligare nevnt 2 plantar produsere blomster så eg kan ta frø av etterkvart som dei er klare. Dei kjem muligens til å blande seg med dei voldsomme plantane i drivhuset, men det drit eg i nett no. La gå!

Svinheim-avdelingen såg veldig bra ut i helgen, då eg vatna og plukka ugras med god hjelp fra Ragnhild. Ein god gjeng hadde produsert blomsterbukett, og mange av plantene såg både sterk og frisk ut med nokre solide blader. Det lovar godt, og fleire av bladene såg ut som ville bli plukka. Eg har ein tendens til å gløyme å sende bilete av åkeren når eg først er der, så det får vente til neste oppdatering.

Plan framøve: Hausting og tørking med jevne mellomrom; Nokon modnar fortare enn andre.
Lage fermenteringsboks for siste prosess tobakken skal gjennom, som igjen vil ta rundt 3-5 veker.
Til slutt er det å lagre tobakken på eit fornfutig vis, kutte tobakken etter kva bruk den skal få (sigar, pipetobakk, rullings, sigarett), men det må resultatet få bestemme. Blir det vanskelig å bearbeide, og mykje av ein type og lite av ein annen, så kan det plutselig bli kun rullings. Det er kun ein ting å sei om den saken: ME FÅR SJÅ!

Tobakken blomstrar!

No er det ein kan seie om tobakken positivt. Åkeren på Svinheim er nokonlunde bra. Mykje ugras, men den vaks framleis i eit tålig bra tempo. Spørs om nokon av dei heng sopass etter at det blir mislukka, men eg håpar endå. Dei plantane eg har heime, som eg kan stelle med kvar dag, omtrent, er ekstremt vellukka. Over mine egne forventningar, og foran skjema. Dei fleste plantane er mot sin siste vokseperiode, og blomstrar om ikkje lenge. To av dei, nemlig dei første eg planta ut, har fått store blomsterbukettar som kjem te å blomstre som faen sjølv dei nærmaste dagane. Det er då viktig at eg heldt kontroll på dei med å klyppe av blomstrene til dei eg ikkje vil skal blande seg, sånn at eg kan ta frøene uten å risikere at eg får ein merkverdig hybrid (krysning) som ikkje lignar noko som helst til neste år. Det er viktig å halde rasen rein 😛 Det er jo selvfølgelig mogleg å få ein superplante av det, men det får eg pønske ut meir av neste år, når eg har lært meg alle stegene i tobakks-produksjonen.
Det eg gjer no er å ta alle toppene (blomstene) som kjem på alt ant enn 2-3 av dei plantene eg vil ta frø av. Det blir latakia-plantene, siden dei har hatt harde kår her ute, og kjent på både lave og høge temperaturar. Dei frøene blir dermed meir tilpassa klimaet her i nord, som gjer det heile endå betre til neste år. Virginia-frø tek eg fra Svinheim, og Burley-frø tek eg fra drivhuset, om eg tør. Det er stor sjanse for at dei kan vere krysspollinert, men om eg skal ha super-frø til neste år, så lyt eg ta sjansen.

Tørkeprossen må eg no begynne å planlegge for fulllt, sia dei nederste bladene på plantene visar teikn til å bli klare. (dei blir gule/gyllen: sjå bilete), og då får me håpe på mykje sol og varme, for det betyr krutt i tobakken og smakfulle sigaretter til jul. Har eg truå? Ja, men samstundes fryktar eg nederlag.

Tobakk øve alt

No er det planta ut mykje tobakk. Usikker på det nøyaktige talet, men det har bikka 50-talet, som eg har regna vil dekka meg med røyk i omtrent eit år om avlingen blir bra. Det ser ut som ein del kom seint i start, men håpar eg hardt nok på ein solid sumar, så kan det fremdeles bli ein grei avling og ein god bunt med tobakk, om resten av stegene i produksjonen heldt fram i positive tak. Me får berre sjå.

Det blei mest tobakk av typen Virginia, mens i mitt eget drihvus er det planta ut 4 stk Kentucky Burley, mens utafor er det nokre bunnsolide Latakia (tyrkere) som veks voldsomt. Orinoco-plantene var treige, men ser no ut som dei kjem seg kraftig etter nøye observasjon og pleie fra plantesander. Det blir nok sneket ut nokre av desse på Svinheim dei kommande dagane. Me treng nok ein god sommar for at dei skal bli veldig stor og fin, men la oss no håpe det då, så blir det muligens litt pipetobakk med super-tobakk og. Om alt går etter planen, så blir det ein del rullings, pipetobakk og nokre humoristiske forsøk på å lage nokre feite sigarar som me kan sutta på til jul. At alt går etter planen har ein litt nølande tru på, men planen er i alle fall der, så får me som gamlingen sei; SJÅ.

Tobakk her og tobakk der

Mykje snop er gjort, og ein god del av tobakken er plante ut både på Svinheim og her heime. Nokon planta eg langs husveggen, nokon i ei gammal tre-potte (noko i den duren) som har stått her i ein mannsalder, og nokre luringar i 12-liters bøtter kjøpt på Biltema. Til sammen tippar eg det er planta ut rundt 50 tobakksplantar. Eg smørar ut nokre bilete, så får det vére med det.

Bilete fra Svinheim-åkeren kjem snart. Må få nokre betre materiale å legge ut. Følg med!

Tobakken nærmar uteklar

Dei forskjellige typane har vist seg å ha varierande resultat. Virginiaen eg planta som ein test er no i full gang til å både bli store og sterke. Dei orientalske frøene er óg knallbra. Eg trur at på ein del av dei andre, så var det rett og slett for dårlig drenering for jorda, og hos nokon av dei så var jorda tørrare enn eg trudde, så for lite vass kan ha sinka ein del. Tobakken treng voldsomt med lys (helst sol), så fra neste år av, så blir det nok nye lampar eller pærer sånn at dei faktisk veks, og ikkje berre sit der og ventar på sola som aldri kjem.
For tidlig ompotting var óg noko eg gjorde feil. Hvis ein planta dei om for tidleg, så er dei veldig svake og ein god del visna i mitt tilfelle. No ventar eg med å plante om resten, til dei faktisk er litt større (omtrent 1,5-2cm lange blader). Dei likte best kjøpejord framfor jord eg henta ute i hagen. Dei som fremdeles står i utejorda har så vidt vekse, mens dei som står i kjøpejorda veks som eit reint helvete.

Utplanting var tenkt rundt midten/slutten på mai, men siden ein del ikkje er klare for det, så blir det rolig utrulling litt etter litt etterkvart som dei ser klare ut, så får me berre håpe det vert tobakk på oss til jul.

Oppdatering 9 – Ompotting og kreative innslag

Ein del småting er gjort, og har berre lagt til ein del bilder, men no i galleri-format. Mykje betre.

Oppdatering 6 – Bilder av framgangen

Ein liten tomat og ein Virginia-plante som no skal stå i vindauget ilag ei stund

Ein liten tomat og ein Virginia-plante som no skal stå i vindauget ilag ei stund

Et par russiske tomatplanter skal óg sitja i vindauget. Desse var relativt mislykka pga frøskallet hang att når dei spira opp av jorda. Grunnen til at det skjer, er fordi dei enten er planta for nært overflaten (Ikkje djupt nok) eller fordi ein ikkje pakkar jorda godt nok over frøet.

Denne skjer det helst lite med. Den får no berre stå der inntil vidare.

Denne skjer det helst lite med. Den får no berre stå der inntil vidare.

To av dei best tomatplantene.

To av dei best tomatplantene.

Paprikaplantene.

Paprikaplantene.

TN. Burley frøene som kom så seint ser ut til å spira både knakane fort og tilsynelatande bra. Veks dei fort nok til å nå sumaren? Me får sjå.

TN. Burley frøene som kom så seint ser ut til å spira både knakane fort og tilsynelatande bra. Veks dei fort nok til å nå sumaren? Me får sjå.

Dei orientalske frøene veks fremdeles knallbra og er veldig snart klar til å pottast om i eigne beger/potter

Dei orientalske frøene veks fremdeles knallbra og er veldig snart klar til å pottast om i eigne beger/potter

Orinoco tobakken ser ut til å bli betre og betre, så håpet om pipetobakk heldt ved lag endå.

Orinoco tobakken ser ut til å bli betre og betre, så håpet om pipetobakk heldt ved lag endå.

Desse såg ei stund ut til å syngja på dei siste sidene i salmeboka, men salmen blei avbrutt, og gledens olje overtok. Blir gode greier dette!

Desse såg ei stund ut til å syngja på dei siste sidene i salmeboka, men salmen blei avbrutt, og gledens olje overtok. Blir gode greier dette!

Fleire av tomatplantane som veks som fanden sjølv

Fleire av tomatplantane som veks som fanden sjølv

Den nye ladningen av KT. Burley eg planta ser ut til å komma ganske greit. Det blir mykje tobakk, dette her. *Tommelopp*

Den nye ladningen av KT. Burley eg planta ser ut til å komma ganske greit. Det blir mykje tobakk, dette her. *Tommelopp*

Dei sløve dildopaprikaene ser jaggu både frisk og rask ut. Men ka i helvete er det som har sneket seg opp i den eine avdelingen heilt til venstre der? Det må ha sneket seg oppi et frø av noko ant løye. Veit du kva det er? Si ifrå!

Paprika og tomat ilag.

Paprika og tomat ilag.

Tomatplantar igjen

Tomatplantar igjen

Blomsterfrøene eg fekk med leveransen av tobakksfrøene TN Burley forrige veke. Dei kjem... Så vidt.

Blomsterfrøene eg fekk med leveransen av tobakksfrøene TN Burley forrige veke. Dei kjem… Så vidt.

Mangoplanten for 1 mnd siden Bilete tatt 25.02.2014

Mangoplanten for 1 mnd siden
Bilete tatt 25.02.2014

Mangoplanten i dag Bilete tatt 25.03.2014

Mangoplanten i dag
Bilete tatt 25.03.2014

Oppdatering 5 – diverse bilder og knask

Dei orientalske tobakksplantene for nokre dagar siden

Dei orientalske tobakksplantene for nokre dagar siden

Tomatane, for nokre dagar siden.

Tomatane, for nokre dagar siden.

Paprikaen veks og

Paprikaen veks og

Heile gjengen!

Heile gjengen!

Dagens frø-leveranse.

Dagens frø-leveranse.

Mangoplanten vaks noko voldsomt heilt til no. Den fokuserar no på å "reise" seg, ser det ut som.

Mangoplanten vaks noko voldsomt heilt til no. Den fokuserar no på å «reise» seg, ser det ut som.

Tomatplanten visar storhetsteikn.

Tomatplanten visar storhetsteikn.

Dei orientalske frøene som har blitt større og bedre enn alle dei andre. Har truen på desse.

Dei orientalske frøene som har blitt større og bedre enn alle dei andre. Har truen på desse.

Smørboksen med lokk på varmekabler skal gjera spire-prosessen heise kjapp!

Smørboksen med lokk på varmekabler skal gjera spire-prosessen heise kjapp!

Pakken med frøene. Trudde egentlig denne pakken skulle innehalde færre frø, men neida, tuuuuusenvis!

Pakken med frøene. Trudde egentlig denne pakken skulle innehalde færre frø, men neida, tuuuuusenvis!

TN Burley frøene er klargjort.

TN Burley frøene er klargjort.

Saflorfrøene som uventa kom ilag med den siste tobakksleveransen

Saflorfrøene som uventa kom ilag med den siste tobakksleveransen

Dei ompotta virginiaplantene ser ut til å klare seg bra

Dei ompotta virginiaplantene ser ut til å klare seg bra

Virginiatobakken kjem seg heise!

Virginiatobakken kjem seg heise!

Dildopaprikaen veks endå

Dildopaprikaen veks endå

Den einaste normale tomatplanten kom snikande opp etter vekevis med venting.

Den einaste normale tomatplanten kom snikande opp etter vekevis med venting.

Oppdatering 4 – vedlikehald og ompotting

No ser det ut som det veks jamt og trutt med ymse problem og aha-opplevingar. Eg laga merkelappar av papp i mangel på annan materiale. Det visar seg at i kombinasjon av jord og vass, så byrja faenskapen å mugne, og det spreidde seg utover jordoverflata som fort kan skape problemar for sjølvaste planten som er midt i sin yngste ungdomsalder og som er på veg til å få hår på stilken. Høhø!

Eg gjer no eit tiltak med å plante om nokre få av dei unge tobakksplantane for å sjå om dei i så ung alder trivst med det og klarar å røtte seg til å bli sjølvstendig og sterk. Det er jo eigentleg for tidleg, men det drit eg både loddrett og vannrett i. Dette er ein redningsaksjon, ikkje vedledighetsarbeid.

Den eine dildopaprika planten som eg røska ut or jorda si (fordi den vaks oppi ein av kompisane sine) og planta i ein eigen avdeling ser no ut til å bli søvnig då han i dag hadde lagt seg flat, og hadde ein utenom det vanlige slapp haldning. Kjem den seg att hvis sola visar seg? Me får sjå!

Tomatplantane ser uansett ut som dei storkosar seg. Det var eit par av dei begerene eg planta to frø i, i tilfelle nokre av frøene ikkje ville spira, og heile sulamitten spira, og i dag potta eg om dei ekstra til eit eiget beger så dei får sin eigen bustad framøve. Det kan fort bli krangling om jorda og om røttene heng seg i hop, så er det eit problem. No unngår me det.

Paprikaplantene (dei vanlige) har endå ikkje spira og eg er bekymra. Eg ventar ei stund til før eg går til åtak, men det kan nesten sjå ut som det var et dårlig parti med frø. Kvifor, spør du… Eg veit ikkje, svarar eg. Men spirar dei ikkje no snart, så hiv eg dei til helvete ut vindauget. Bilete kjem av aksjonen om det vert aktuelt. Følg med!

Han her heldt det gåande.  Eg ler hvis han er fruktbærar til hausten.

Han her heldt det gåande. Eg ler hvis han er fruktbærar til hausten.

Ein som slit heise med å kvitta seg med frøskalet

Ein som slit heise med å kvitta seg med frøskalet

Eine tomatplanten er komt i puberteten. Her kjem blad nummer 3.

Eine tomatplanten er komt i puberteten. Her kjem blad nummer 3.

Paprikafrøene som aldri kjem. Det blir konsekvenser hvis eg må vente mykje lenger no.

Paprikafrøene som aldri kjem. Det blir konsekvenser hvis eg må vente mykje lenger no.

Eine tobakksplanten som er ompotta. Søt liten kødd!

Eine tobakksplanten som er ompotta. Søt liten kødd!

Til venstre ser du det mugginvaderte plantebegeret med eit uvisst antall tobakksplanter som syng på siste side i salmeboka.

Til venstre ser du det mugginvaderte plantebegeret med eit uvisst antall tobakksplanter som syng på siste side i salmeboka.

Muggbegeret

Muggbegeret

Tomatplantane før kirurgisk inngrep

Tomatplantane før kirurgisk inngrep

Tomatplanten etter inngrepet i si heilt eigen jord.

Tomatplanten etter inngrepet i si heilt eigen jord.

Den eine separert, mens den andre ventar på tur.

Den eine separert, mens den andre ventar på tur.

Muggutvikling fra pappen som skule separere to typar tobakksplanter. Håpar det roar seg til plantane blitt litt større så det går an å ompotte dei i sikre omgivelsar.

Muggutvikling fra pappen som skule separere to typar tobakksplanter. Håpar det roar seg til plantane blitt litt større så det går an å ompotte dei i sikre omgivelsar.

Dildopaprika som har dårlig holdning til høgre. Dei andre ser ut til å vere i god form.

Dildopaprika som har dårlig holdning til høgre. Dei andre ser ut til å vere i god form.