Month: mai 2014

Kjøttetande plante

I dag kom Venus Fly Catcher (Dionaea muscipula) frøene i postkassen. Det er ein kjøttetande plante som likar grillmat og liknande.
Det var berre 6 frø i posen eg fekk, men det er sikkert nok. Eg prøvar først ein runde med vanlig drittjord kjøpt på europris, og ser om det spirar, så puttar eg litt mose og faenskap oppi om det visar seg å fungere med den metoden eg køyrar no. Her har dykk eit par bilete:

 

Tomater og denslags

Tomatane veks over forventning, og nokon har tatt heilt av. Nokon blomstrar og nokon deppar, men dei som blomstrar er jaggu tidlige etter min egen beregning. Det var den uidentifiserte tomatplanten med potetblader som plutselig peiste på med blomst, og no tar den heilt av og ropar om å bli satt ut. Blir det ein god avling? Me får sjå!
Paprikaen er no paprika. Dei kosar seg dei óg.
Ein del av tomatplantene oversvømte eg, pluss at dei blei planta i drittjord som dei tydeligvis ikkje likte, bortsett fra eit unntak. Ein kombinasjon av dei, og eit uventa fall i temperaturen eit par dagar i vinduskarmar det nesten blés rett gjennom, så visna dei heilt. Det er her snakk om ca halvparten, så eg har omtrent 7 stk som er sterk og klar. Cherry-tomatane eg planta veks voldsomt fort i hermetikkboksane sine. Eg satt to stk i vinduskarmen, og to i inne-drivhuset uten at ekstra-lyset var på. Dette gjorde eg for å sjå effekten av direkte lys fra vinduskarmen, og mindre + svakare lys. Dei som var i inne-drivhuset blei lange, svake og pinglete, mens dei som står i vinduskarmen blei kortare, med større blader og mykje sterkare. Mykje lys er med andre ord voldsomt viktig for å få best mulig resultat. Hadde liknande resultat med tobakksplantene.

Tobakken nærmar uteklar

Dei forskjellige typane har vist seg å ha varierande resultat. Virginiaen eg planta som ein test er no i full gang til å både bli store og sterke. Dei orientalske frøene er óg knallbra. Eg trur at på ein del av dei andre, så var det rett og slett for dårlig drenering for jorda, og hos nokon av dei så var jorda tørrare enn eg trudde, så for lite vass kan ha sinka ein del. Tobakken treng voldsomt med lys (helst sol), så fra neste år av, så blir det nok nye lampar eller pærer sånn at dei faktisk veks, og ikkje berre sit der og ventar på sola som aldri kjem.
For tidlig ompotting var óg noko eg gjorde feil. Hvis ein planta dei om for tidleg, så er dei veldig svake og ein god del visna i mitt tilfelle. No ventar eg med å plante om resten, til dei faktisk er litt større (omtrent 1,5-2cm lange blader). Dei likte best kjøpejord framfor jord eg henta ute i hagen. Dei som fremdeles står i utejorda har så vidt vekse, mens dei som står i kjøpejorda veks som eit reint helvete.

Utplanting var tenkt rundt midten/slutten på mai, men siden ein del ikkje er klare for det, så blir det rolig utrulling litt etter litt etterkvart som dei ser klare ut, så får me berre håpe det vert tobakk på oss til jul.