Month: februar 2014

Oppdatering 3 – nye tomatfrø og meir planting

No har eg fått dei nye tomatfrøene av typen Black Krim som eg bestilte på ebay. 100 frø var det i pakken og rundt 20-30 stk er no planta, mens nokon er gitt vekk til skinnet. Meir tobakksfrø er òg planta. Ein får jo aldri nok av det, hæ? Ein pakke med nokre paprikafrø låg tilfeldigvis i innedrivhuset, så eg har planta 10 stk av dei. Trur i grunn dei frøene var i betre form enn dei eg fant i den forlatte rømmeboksen. Eg fant forresten ut at dei paprikafrøene som var i den rømmeboksen var av den slange/dildo/pølse-typen paprika. Så hvis begge typane spirar, så har eg litt variasjon. Merkar ein det på smaken? Eg sei som  gamlingen plei sei te seg sjølv; me får sjå.

Eg har no fått innedrivhuset opp og gå, og har begynt å sette dei plantene som har begynt å spira inn der. Der har eg ein lampe med ein ovn under for å få det litle ekstra av varme for plantane siden sola ikkje er så sterk og viljug enda. Trur uansett plantane likar betre dagslyset frå vindaugene enn lampen midt på dagen, men det ser me an etterkvart. Alt må jo prøvast ut.

Latakia(orientalske)-frøene som var planta i Philadelphia-boksen er dei første som har spira av dei eg planta i runde 2. No ser det ut som Burley-frøene heng seg på òg, så får me håpa at resten kjem lika sprekt etterkvart. Det skal òg seiast at dei frøene som var planta i philadelphia-boksen hadde lokk på under heile prosessen. Dei hadde minst mugg og spira mykje raskare enn dei andre, så dette visar seg å vère eit effektivt triks, om ikkje det berre er frøene som er knakane spreke.

Mangofrøet veks noko så inni satan, så den må vel omsider ompottast til noko mykje større. Laga potte i alu? Tja, kvifor ikkje. Følg med… Kanskje eg delar prosessen med deg!

Innedrivhuset i aksjon

Innedrivhuset i aksjon

Her er det planta litt Black Krim (russisk type tomat) og tobakk (Virginia Gold)

Her er det planta litt Black Krim (russisk type tomat) og tobakk (Virginia Gold)

Noko plantejord skinnet kom med! Sikkert susande god!

Noko plantejord skinnet kom med! Sikkert susande god!

Paprikaen eg fant og litt graps i bakgrunnen. Nom?

Paprikaen eg fant og litt graps i bakgrunnen. Nom?

Nye tomatfrøene av typen Black Krim. Sikkert sabla god!

Nye tomatfrøene av typen Black Krim. Sikkert sabla god!

Tobakksfrøene som egentlig ser ut til å vokse i sakte kino. Får håpe dei får fart på seg snart!

Tobakksfrøene som egentlig ser ut til å vokse i sakte kino. Får håpe dei får fart på seg snart!

Oppdatering 2

No er det planta meir greier. Eg fant nokon gamle paprikafrø, så ein god del av dei er planta no, men som eg tvilar på kjem til å spire. Dei såg litt tvilsomme ut. I tillegg så har eg trykt dei andre typane tobakksfrø i jorda også, men siden eg var vekke i helgen, så har det ikkje blitt vatna, så jorda var bittelitt tørr no på søndag, men eg trur ikkje det har så mykje å sei, så me får vel berre sjå no korleis det går. Det er litt tidlig å begynne planting allerede no, men hvis det skulle skje noko, så er det jo berre å plante nokon nye utan at det det er for seint.

Dei tobakksfrøene eg allerede har planta, harsom nevnt spira og komt i gang, men det går veldig seint no. Eg mistenkar at det er på grunn av for lite lys (sollys), siden det berre er drittvær og at sola framleis heng litt lågt, men eg får snart på plass innedrivhus, om det er noko som heiter det, med lampe(r) i den, og litt varmehjelp så dei trivst litt betre og det heile blir meir velskikka.
Det var ein fin overraskelse når eg skulle på badet etter å ha komen heim att på søndag, å sjå at mangofrøet no spirar og er godt på vei opp av jorda. Kanskje det blir et lite og koselig mangotre av det heile.

Eg har òg kjøpt nokre nye tomatfrø av typen black krim. Dei såg så knakanes gode ut, at desse måtte eg ha. Tippar dei kjem i postkassen om ikkje så alt for lenge.

Brukte denne til oronico-frøene som skal være knall til pipetobakk. Kommer muligens til å plante litt fleire av desse enn dei andre.

Brukte denne til oronico-frøene som skal være knall til pipetobakk. Kommer muligens til å plante litt fleire av desse enn dei andre.

Alle greiene før plantingen blei iverksatt

Alle greiene før plantingen blei iverksatt

Paprikafrøene eg fant i ein gamal rømmeboks.

Paprikafrøene eg fant i ein gamal rømmeboks.

Mangotreet luskar seg opp av jorda. Blir interessant å sjå kva vei dette kjem til å gå.

Mangotreet luskar seg opp av jorda. Blir interessant å sjå kva vei dette kjem til å gå.

Alt kan brukast som plantebeger ;)

Alt kan brukast som plantebeger 😉

Alle tobakksfrøene. Litt forskjellig

Alle tobakksfrøene. Litt forskjellig

Plantebeger med paprikafrøene som såg litt tvilsomme ut

Plantebeger med paprikafrøene som såg litt tvilsomme ut

IMG_20140219_2140173 små frø

Mangoplanting og nye tobakksfrø

Etter at det blei kjøpt ein Mango for eit par veke sia, og eg såg frøet, så måtte jo eg setje i gang planting av et mangotre.
Først renska eg det heilt, satt det i eit glas vatten og lot det ligge der i ei veke. Eg skifta vatten kvar dag. Deretter satt eg frøet i jorda, og venta litt øve ei veke før eg tok det opp att og såg om det var noko liv i det. Jada, det var ei stor spir som kom tutlande ut av skalet. Eg tok då å fjerna skalet, og satt innmaten ner att i jorda, så slepp faenskapen å slita meir med å få fjerna skalet, for det var det begynt å vekse pels på (grønn og kraftig mugg), så jo fortare eg fekk vekk det, jo bedre, håpar eg. Så no ventar eg på å sjå om det kjem noko opp av jorda etterkvart som tida går.

Bortsett fra det, så fekk eg ein ny leveranse med tobakssfrø i dag. Desse har eg venta ei stund på, men det tok vel litt tid, sia det kom heilt fra Uniten (USA)

Frøskallet og sjølvaste innmaten som skal plantast på ny

Frøskallet og sjølvaste innmaten som skal plantast på ny


 

 

 

 

 

 

 

 

500 stk Lizard Tail Orinoco. Skal vere ein plante med kraftige blader som er ypperlig til piperøyking.

500 stk Lizard Tail Orinoco.
Skal vere ein plante med kraftige blader som er ypperlig til piperøyking.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Oppdatering

No er det gått 6 dager siden eg planta frøene, og no spirar det som berre faen!
Det kom først litt mugg på frøene før dei begynte å vise livstegn, og eit lite augeblikk så var eg bittelitt bekymra for det taktiske valget mitt under spiringen, men det hadde visstnok ikkje noko å sei. Bortimot alle frøene spirar og ser friske og flotte ut.
Det begynte allereie å skje noko etter 4 dagar, men no som eg har gitt dei ein direkte lyskilde, så tek det av.
No er det å vente ei vekes tid, så begynnar seleksjonen etter eit darwinistisk prinsipp. Dei svake må vekk, mens dei sterke skal stå att.

Det betyr at ein del spirar då blir klare til adopsjon. Vil du ha ei spir eller to? Sei ifrå om du bur borti høgget.

Dag 4

Dag 4

Dag 5

Dag 5

Dag 6

Dag 6

Meir frø og ein liten test

I dag kom det snikande ei pakke til med frø. I denne var det 500 virginia frø som skreik etter å bli satt i jord. Eg måtte gje etter og fant fram utstyret og noko blomsterjord som låg gøymt kjellertrappegangen. Sikkert fra ein tidligere beboer her i huset. Er det bra greier med blomsterjord, mon tro? Eg sei som gamlingen sei te seg sjølv: me får sjå!

3 plantebeger i ein isboks med denne blomsterjorden, og nokre dryss med frø oppå, og til slutt litt spraying med vass så frøene sett seg litt, og vips så venter eg på at dei skal spire.
Anar ikkje kor mange frø eg la i kvart beger, men det var rikelig.
No er det berre å vente, som mannen sa.

Blomsterjorden eg fant. Kjentes ut som bomullspulver hvis det er noko.

Blomsterjorden eg fant. Kjentes ut som bomullspulver hvis det er noko.

Frøpose

500 Virginiafrø

Jord klargjort. Frø og vass klart til bruk

Jord klargjort. Frø og vass klart til bruk

Frøene er jælla små!

Frøene er jælla små!

Planting av tobakksplanter

Her skal jeg oppdatere underveis mens jeg planter diverse greier i løpet av året. I år blir det hovedsaklig planting av tobakkplanter. Jeg har aldri prøvd det før, så det blir nok en del eksperimentering.
Jeg har kjøpt en del frø fra ebay, og fikk min første pakke i går. Denne inneholder 4 forskjellige typer frø. Latakia, Burley, Virgina (lys) og Maryland. Jeg venter også på et par andre typer, men aner ikke når de kommer.
Tanken er å lage noen egne tobakksblandinger  hovedsaklig for bruk i tobakkspipe. siden dette er første gang, så kjører jeg på med litt forskjellig. Litt til sigaretter og litt til pipe. Blir det vellykket, så kan det jo bli tobakk både til fest og til pipekos.

Gidder jeg å oppdatere, så kommer det mer snop når jeg begynner å fyre frøene i jord.

Frø

 

 

 

 

 

 

 

 

Man høster det man sår.