Uncategorized

Oppdatering 2

No er det planta meir greier. Eg fant nokon gamle paprikafrø, så ein god del av dei er planta no, men som eg tvilar på kjem til å spire. Dei såg litt tvilsomme ut. I tillegg så har eg trykt dei andre typane tobakksfrø i jorda også, men siden eg var vekke i helgen, så har det ikkje blitt vatna, så jorda var bittelitt tørr no på søndag, men eg trur ikkje det har så mykje å sei, så me får vel berre sjå no korleis det går. Det er litt tidlig å begynne planting allerede no, men hvis det skulle skje noko, så er det jo berre å plante nokon nye utan at det det er for seint.

Dei tobakksfrøene eg allerede har planta, harsom nevnt spira og komt i gang, men det går veldig seint no. Eg mistenkar at det er på grunn av for lite lys (sollys), siden det berre er drittvær og at sola framleis heng litt lågt, men eg får snart på plass innedrivhus, om det er noko som heiter det, med lampe(r) i den, og litt varmehjelp så dei trivst litt betre og det heile blir meir velskikka.
Det var ein fin overraskelse når eg skulle på badet etter å ha komen heim att på søndag, å sjå at mangofrøet no spirar og er godt på vei opp av jorda. Kanskje det blir et lite og koselig mangotre av det heile.

Eg har òg kjøpt nokre nye tomatfrø av typen black krim. Dei såg så knakanes gode ut, at desse måtte eg ha. Tippar dei kjem i postkassen om ikkje så alt for lenge.

Brukte denne til oronico-frøene som skal være knall til pipetobakk. Kommer muligens til å plante litt fleire av desse enn dei andre.

Brukte denne til oronico-frøene som skal være knall til pipetobakk. Kommer muligens til å plante litt fleire av desse enn dei andre.

Alle greiene før plantingen blei iverksatt

Alle greiene før plantingen blei iverksatt

Paprikafrøene eg fant i ein gamal rømmeboks.

Paprikafrøene eg fant i ein gamal rømmeboks.

Mangotreet luskar seg opp av jorda. Blir interessant å sjå kva vei dette kjem til å gå.

Mangotreet luskar seg opp av jorda. Blir interessant å sjå kva vei dette kjem til å gå.

Alt kan brukast som plantebeger ;)

Alt kan brukast som plantebeger 😉

Alle tobakksfrøene. Litt forskjellig

Alle tobakksfrøene. Litt forskjellig

Plantebeger med paprikafrøene som såg litt tvilsomme ut

Plantebeger med paprikafrøene som såg litt tvilsomme ut

IMG_20140219_2140173 små frø