Month: juni 2014

Tobakk øve alt

No er det planta ut mykje tobakk. Usikker på det nøyaktige talet, men det har bikka 50-talet, som eg har regna vil dekka meg med røyk i omtrent eit år om avlingen blir bra. Det ser ut som ein del kom seint i start, men håpar eg hardt nok på ein solid sumar, så kan det fremdeles bli ein grei avling og ein god bunt med tobakk, om resten av stegene i produksjonen heldt fram i positive tak. Me får berre sjå.

Det blei mest tobakk av typen Virginia, mens i mitt eget drihvus er det planta ut 4 stk Kentucky Burley, mens utafor er det nokre bunnsolide Latakia (tyrkere) som veks voldsomt. Orinoco-plantene var treige, men ser no ut som dei kjem seg kraftig etter nøye observasjon og pleie fra plantesander. Det blir nok sneket ut nokre av desse på Svinheim dei kommande dagane. Me treng nok ein god sommar for at dei skal bli veldig stor og fin, men la oss no håpe det då, så blir det muligens litt pipetobakk med super-tobakk og. Om alt går etter planen, så blir det ein del rullings, pipetobakk og nokre humoristiske forsøk på å lage nokre feite sigarar som me kan sutta på til jul. At alt går etter planen har ein litt nølande tru på, men planen er i alle fall der, så får me som gamlingen sei; SJÅ.

Drivhus, tomat og denslags

No er det laga drivhus, og og det er planta ut tomatplanter og paprikaplanter både her og der. Tomatplantene som blei planta ut i egne potter som har stått fritt uten særlig med tak ser sabla flott ut, men ser ut til å vere treigere med blomstringen. Dei som har vært inne blomstrar noko voldsomt, og den potet-blad-planten (som ser ut som Cherry Tomat av et slag) veks det tomatar på som faen sjølv. Den var mykje raskara enn dei andre, og det stemmer bra overens med Cherry-Tomat-teorier, siden dei visstnok skal lage frukt fortare enn dei store.
Drivhuset blei greit. Det er laga av gamle lister, litt paller og annet graps-materialer, og en rull med plastikk. Det funkar i alle fall veldig bra så langt og har blitt mata med tomatplanter, paprika og agurk så langt. Meir kjem… Trur eg. Det er jo begrensa med plass.

Tobakk her og tobakk der

Mykje snop er gjort, og ein god del av tobakken er plante ut både på Svinheim og her heime. Nokon planta eg langs husveggen, nokon i ei gammal tre-potte (noko i den duren) som har stått her i ein mannsalder, og nokre luringar i 12-liters bøtter kjøpt på Biltema. Til sammen tippar eg det er planta ut rundt 50 tobakksplantar. Eg smørar ut nokre bilete, så får det vére med det.

Bilete fra Svinheim-åkeren kjem snart. Må få nokre betre materiale å legge ut. Følg med!