dyrking

Tobakk her og tobakk der

Mykje snop er gjort, og ein god del av tobakken er plante ut både på Svinheim og her heime. Nokon planta eg langs husveggen, nokon i ei gammal tre-potte (noko i den duren) som har stått her i ein mannsalder, og nokre luringar i 12-liters bøtter kjøpt på Biltema. Til sammen tippar eg det er planta ut rundt 50 tobakksplantar. Eg smørar ut nokre bilete, så får det vére med det.

Bilete fra Svinheim-åkeren kjem snart. Må få nokre betre materiale å legge ut. Følg med!

Oppdatering 8 – div shit

No har det vært ein god del småting som er blitt gjort. Mange plantar er blitt plassert i vindaugene og dei fleste tomatplantene er blitt ompotta eller modifisert for betre kår sia dei blei stilkete, lange og svake. Det er ei plage det der, men nesten uungåelig om ein ikkje har skikkelige lys som er egna for denne typen ting. Kanskje eg kjøpar nokre bra saker til neste år.
Ellers så veks tobakken ganske greit, men ikkje for fort, i alle fall. Satsar på dei blir klare til våren har satt seg skikkelig. Eg har i alle fall planta rikelig. Det er enormt mange gode spirar å plukke ifra, så om du vil ha deg ei spir eller 10, så er det berre å sei ifrå. Eg har alt for mykje for meg sjølv.

Eg planta 5 frø av tommies-tomatene (cherry-tomatene ein får kjøpt på butikken), og dei veks bra, og så spørs det om det faktisk blir tommies-tomater av avlingen når den eventuelt kjem. Me får sjå!

Det begynnar å minke noko voldsomt på småpottene som var tenkt til tobakksplantene, så då blir det innkjøp av eingangskoppar til resten. Oppdatering på det kjem når det er aktuelt. Det minkar jo egentlig på plass allereie, og eg har ikkje planta om halvparten av det eg var tenkt, så det blir heise detta her.

Har lagt til ein del bilete av litt forskjellig dato og rekkefølge, så tolk dei som du vil. Dei er i alle fall nyere enn forrige oppdatering, og flotte som faen!

Ka skjer videre? zzzzzzzzzz
FØLG MED!

(meir…)

Meir frø og ein liten test

I dag kom det snikande ei pakke til med frø. I denne var det 500 virginia frø som skreik etter å bli satt i jord. Eg måtte gje etter og fant fram utstyret og noko blomsterjord som låg gøymt kjellertrappegangen. Sikkert fra ein tidligere beboer her i huset. Er det bra greier med blomsterjord, mon tro? Eg sei som gamlingen sei te seg sjølv: me får sjå!

3 plantebeger i ein isboks med denne blomsterjorden, og nokre dryss med frø oppå, og til slutt litt spraying med vass så frøene sett seg litt, og vips så venter eg på at dei skal spire.
Anar ikkje kor mange frø eg la i kvart beger, men det var rikelig.
No er det berre å vente, som mannen sa.

Blomsterjorden eg fant. Kjentes ut som bomullspulver hvis det er noko.

Blomsterjorden eg fant. Kjentes ut som bomullspulver hvis det er noko.

Frøpose

500 Virginiafrø

Jord klargjort. Frø og vass klart til bruk

Jord klargjort. Frø og vass klart til bruk

Frøene er jælla små!

Frøene er jælla små!