blomster

Tobakken blomstrar!

No er det ein kan seie om tobakken positivt. Åkeren på Svinheim er nokonlunde bra. Mykje ugras, men den vaks framleis i eit tålig bra tempo. Spørs om nokon av dei heng sopass etter at det blir mislukka, men eg håpar endå. Dei plantane eg har heime, som eg kan stelle med kvar dag, omtrent, er ekstremt vellukka. Over mine egne forventningar, og foran skjema. Dei fleste plantane er mot sin siste vokseperiode, og blomstrar om ikkje lenge. To av dei, nemlig dei første eg planta ut, har fått store blomsterbukettar som kjem te å blomstre som faen sjølv dei nærmaste dagane. Det er då viktig at eg heldt kontroll på dei med å klyppe av blomstrene til dei eg ikkje vil skal blande seg, sånn at eg kan ta frøene uten å risikere at eg får ein merkverdig hybrid (krysning) som ikkje lignar noko som helst til neste år. Det er viktig å halde rasen rein 😛 Det er jo selvfølgelig mogleg å få ein superplante av det, men det får eg pønske ut meir av neste år, når eg har lært meg alle stegene i tobakks-produksjonen.
Det eg gjer no er å ta alle toppene (blomstene) som kjem på alt ant enn 2-3 av dei plantene eg vil ta frø av. Det blir latakia-plantene, siden dei har hatt harde kår her ute, og kjent på både lave og høge temperaturar. Dei frøene blir dermed meir tilpassa klimaet her i nord, som gjer det heile endå betre til neste år. Virginia-frø tek eg fra Svinheim, og Burley-frø tek eg fra drivhuset, om eg tør. Det er stor sjanse for at dei kan vere krysspollinert, men om eg skal ha super-frø til neste år, så lyt eg ta sjansen.

Tørkeprossen må eg no begynne å planlegge for fulllt, sia dei nederste bladene på plantene visar teikn til å bli klare. (dei blir gule/gyllen: sjå bilete), og då får me håpe på mykje sol og varme, for det betyr krutt i tobakken og smakfulle sigaretter til jul. Har eg truå? Ja, men samstundes fryktar eg nederlag.

Tomater og denslags

Tomatane veks over forventning, og nokon har tatt heilt av. Nokon blomstrar og nokon deppar, men dei som blomstrar er jaggu tidlige etter min egen beregning. Det var den uidentifiserte tomatplanten med potetblader som plutselig peiste på med blomst, og no tar den heilt av og ropar om å bli satt ut. Blir det ein god avling? Me får sjå!
Paprikaen er no paprika. Dei kosar seg dei óg.
Ein del av tomatplantene oversvømte eg, pluss at dei blei planta i drittjord som dei tydeligvis ikkje likte, bortsett fra eit unntak. Ein kombinasjon av dei, og eit uventa fall i temperaturen eit par dagar i vinduskarmar det nesten blés rett gjennom, så visna dei heilt. Det er her snakk om ca halvparten, så eg har omtrent 7 stk som er sterk og klar. Cherry-tomatane eg planta veks voldsomt fort i hermetikkboksane sine. Eg satt to stk i vinduskarmen, og to i inne-drivhuset uten at ekstra-lyset var på. Dette gjorde eg for å sjå effekten av direkte lys fra vinduskarmen, og mindre + svakare lys. Dei som var i inne-drivhuset blei lange, svake og pinglete, mens dei som står i vinduskarmen blei kortare, med større blader og mykje sterkare. Mykje lys er med andre ord voldsomt viktig for å få best mulig resultat. Hadde liknande resultat med tobakksplantene.

Oppdatering 10 – Lite nytt med bilete og kommentarar

Oppdatering 5 – diverse bilder og knask

Dei orientalske tobakksplantene for nokre dagar siden

Dei orientalske tobakksplantene for nokre dagar siden

Tomatane, for nokre dagar siden.

Tomatane, for nokre dagar siden.

Paprikaen veks og

Paprikaen veks og

Heile gjengen!

Heile gjengen!

Dagens frø-leveranse.

Dagens frø-leveranse.

Mangoplanten vaks noko voldsomt heilt til no. Den fokuserar no på å "reise" seg, ser det ut som.

Mangoplanten vaks noko voldsomt heilt til no. Den fokuserar no på å «reise» seg, ser det ut som.

Tomatplanten visar storhetsteikn.

Tomatplanten visar storhetsteikn.

Dei orientalske frøene som har blitt større og bedre enn alle dei andre. Har truen på desse.

Dei orientalske frøene som har blitt større og bedre enn alle dei andre. Har truen på desse.

Smørboksen med lokk på varmekabler skal gjera spire-prosessen heise kjapp!

Smørboksen med lokk på varmekabler skal gjera spire-prosessen heise kjapp!

Pakken med frøene. Trudde egentlig denne pakken skulle innehalde færre frø, men neida, tuuuuusenvis!

Pakken med frøene. Trudde egentlig denne pakken skulle innehalde færre frø, men neida, tuuuuusenvis!

TN Burley frøene er klargjort.

TN Burley frøene er klargjort.

Saflorfrøene som uventa kom ilag med den siste tobakksleveransen

Saflorfrøene som uventa kom ilag med den siste tobakksleveransen

Dei ompotta virginiaplantene ser ut til å klare seg bra

Dei ompotta virginiaplantene ser ut til å klare seg bra

Virginiatobakken kjem seg heise!

Virginiatobakken kjem seg heise!

Dildopaprikaen veks endå

Dildopaprikaen veks endå

Den einaste normale tomatplanten kom snikande opp etter vekevis med venting.

Den einaste normale tomatplanten kom snikande opp etter vekevis med venting.

Meir frø og ein liten test

I dag kom det snikande ei pakke til med frø. I denne var det 500 virginia frø som skreik etter å bli satt i jord. Eg måtte gje etter og fant fram utstyret og noko blomsterjord som låg gøymt kjellertrappegangen. Sikkert fra ein tidligere beboer her i huset. Er det bra greier med blomsterjord, mon tro? Eg sei som gamlingen sei te seg sjølv: me får sjå!

3 plantebeger i ein isboks med denne blomsterjorden, og nokre dryss med frø oppå, og til slutt litt spraying med vass så frøene sett seg litt, og vips så venter eg på at dei skal spire.
Anar ikkje kor mange frø eg la i kvart beger, men det var rikelig.
No er det berre å vente, som mannen sa.

Blomsterjorden eg fant. Kjentes ut som bomullspulver hvis det er noko.

Blomsterjorden eg fant. Kjentes ut som bomullspulver hvis det er noko.

Frøpose

500 Virginiafrø

Jord klargjort. Frø og vass klart til bruk

Jord klargjort. Frø og vass klart til bruk

Frøene er jælla små!

Frøene er jælla små!