Hausting

Tørking av tobakk fortsett

No har eg hengt opp endå meir etter å ha vært å henta meir tobakk på Svinheim. Litt hips om haps på kvaliteten der, men eg tok det eg syns såg klar ut, så får me nett sjå kva det vert til når tørkingen nærmar seg ferdig.
Eg har prøvd å henge opp bladene på nokre forskjellige metodar. Tynt tau som eg tvinnar rundt stilken og knyt fast, strips og binders som eg stikk gjennom stilkene.
Problemet med strips og tau er at etterkvart som bladene tørkar, så krympar dei, og tauet/stripset må strammast inn. Derfor prøvde eg binders, og det ser foreløpig ut til å gjere prosessen enklare, då eg slepp å stramme inn kvar enkelt bunt med jevne mellomrom. Ellers ser det ut som det funkar greit. Første ladning har tørka mykje allerede, men eg trur det er ein liten antydning til tørr luft, så eg burde kanskje prøve å få opp luftfuktigheten litt på det rommet, sånn at ikkje bladene blir heilt knuskane tørr og smuldrar opp når eg gjer noko med dei.

Hausting og tørking av tobakk

I dag har eg hausta inn dei nederste bladene på tyrker-plantene. Desse plantene ser ganske klare ut då ein kan sjå at dei vert gyllen (gule) på dei nederste bladene. Dette betyr «plukk meg».
Det blei litt tobakk av det. Tørkeprosessen blir på eit vanlig rom med vindauget ope, og ei vifte som lagar ein fin bris i rommet heile tida, så får me etter ei vekes tid sjå korleis det går. Ser eg at dei tørkar og den gule og kule fargen kjem listande med tida og ein unngår mugg, så trur eg me går for den planen.
Desse tyrkiske såkalt «latakia» plantene som det sto på frøpakken produserar fleire men mindre blader enn f.eks Burley og Virginia som eg óg har planta ein god del av.
Eg lot som tidligare nevnt 2 plantar produsere blomster så eg kan ta frø av etterkvart som dei er klare. Dei kjem muligens til å blande seg med dei voldsomme plantane i drivhuset, men det drit eg i nett no. La gå!

Svinheim-avdelingen såg veldig bra ut i helgen, då eg vatna og plukka ugras med god hjelp fra Ragnhild. Ein god gjeng hadde produsert blomsterbukett, og mange av plantene såg både sterk og frisk ut med nokre solide blader. Det lovar godt, og fleire av bladene såg ut som ville bli plukka. Eg har ein tendens til å gløyme å sende bilete av åkeren når eg først er der, så det får vente til neste oppdatering.

Plan framøve: Hausting og tørking med jevne mellomrom; Nokon modnar fortare enn andre.
Lage fermenteringsboks for siste prosess tobakken skal gjennom, som igjen vil ta rundt 3-5 veker.
Til slutt er det å lagre tobakken på eit fornfutig vis, kutte tobakken etter kva bruk den skal få (sigar, pipetobakk, rullings, sigarett), men det må resultatet få bestemme. Blir det vanskelig å bearbeide, og mykje av ein type og lite av ein annen, så kan det plutselig bli kun rullings. Det er kun ein ting å sei om den saken: ME FÅR SJÅ!