binders

Tørking av tobakk fortsett

No har eg hengt opp endå meir etter å ha vært å henta meir tobakk på Svinheim. Litt hips om haps på kvaliteten der, men eg tok det eg syns såg klar ut, så får me nett sjå kva det vert til når tørkingen nærmar seg ferdig.
Eg har prøvd å henge opp bladene på nokre forskjellige metodar. Tynt tau som eg tvinnar rundt stilken og knyt fast, strips og binders som eg stikk gjennom stilkene.
Problemet med strips og tau er at etterkvart som bladene tørkar, så krympar dei, og tauet/stripset må strammast inn. Derfor prøvde eg binders, og det ser foreløpig ut til å gjere prosessen enklare, då eg slepp å stramme inn kvar enkelt bunt med jevne mellomrom. Ellers ser det ut som det funkar greit. Første ladning har tørka mykje allerede, men eg trur det er ein liten antydning til tørr luft, så eg burde kanskje prøve å få opp luftfuktigheten litt på det rommet, sånn at ikkje bladene blir heilt knuskane tørr og smuldrar opp når eg gjer noko med dei.