Sånn ellers

Tomatane veks i varierande grad, både ute og inne. Har vært ein del småting som har vært merkelig, og ein del småting som har vært bra. Her går det i rykk og napp, som ein mann ein gong sa. Drivhuset er såpass tett at det er ein heisen luftfuktighet når døra er att, så i starten tenkte eg at jadå, dette var god sos, men etterkvart begynte 2 av plantane å vise teikn til sjukdom. Den eine tomatplanten verre enn resten, og nokre av bladene begynte å råtne. Eg fjerna dei, men det spreidde seg oppover. Eg lot døra stå open både natt og dag i ein god periode, og det viste seg å vere medisinen. Det holdt seg relativt tørt i drivhuset og plantane kom seg att. No er dei stolt og stor, og tomatane sprutar ut alle veiar i ein fart som er både behagelig og vakker. Gledar meg til å sjå korleis dei vert. Håpar dei vert svart som natta, og smaken som baken, sa mannen med laken.

Cherrytomat-planten er óg knakande god. Snart er tomatane der moden og klar for å puttast i kjeften. Har du truen? Eg har.

Paprikaen veks bra, men det som forundrar meg er kva sort det er. Det var no faen ikkje dette eg trudde eg planta. Pakken med frø var jo fra gamlingen, og den har tydeligvis inneholdt frø av noko ant enn det originale innholdet. Det som kjem er DILDO-paprika, som dei på Svinheim kaller det. Neste år kjøpar eg egne frø, for dette her går ikkje. Alt av frø som kom der oppe i frå ser ut til å vere hybridar fra alt tenkelig.

Agurken då, spør du. Jadå, dei ser no litt løyen ut, og eg fekk 3 plantar av gamlingen, som sku vere av 2 forskjellige typar. Eg er framleis usikker på kva som er kva, men agurkar blir det foreløpig, om ikkje sniglane kjem å ét dei opp før meg.

Drivhuset har gjort jobben sin, og virkar ypperleg bra. Stødig, solid og heisen i vind og vér.

Vegg av tekst, sei du? Jadå, plantesander leikar ikkje blogg.

Kommenter innlegget